Skip to content Skip to footer
0 items - $0.00 0

Foreningar

Fatland Velforening

Formålet til Fatland Vel er å etablere og drifte anlegg som skal benyttes til miljø-, kultur, leke- og friluftsformål. Fatland Vel har stått for oppføring av multi-ballbinge for alle, og kilometervis av turstier fra Fatlandskogen til Sydnes. Ellers har foreningen, i samarbeid med grunneier, fått i stand møte- og lekeplass ved Strondavegen, også fritt tilgjengelig for alle.

  • Turstiar
  • Leikeplass
  • Ballbinge

Halsnøy kulturhus

Halsnøy kulturhus velforeining er ei dugnadsgruppe med eit styre på 6 personar, registrert i Frivilligheitsregisteret. Me jobbar for å skape liv og røre på Kulturhuset, gjennom ulike arrangement for både store og små. Det største arrangementet vårt er under Sæbøvikfestivalen i juli kvar år. Halsnøy kulturhus er drive på dugnad, og arrangementa våre, og dei ulike oppgraderingane me gjer, er alt gjort på dugnad av alle gode hjelparar til huset. Og dei er det mange av!

  • En rekke arrangemanger
  • Leikeplass
  • Sæbøvikfestivalen
  • Matopplevele (Mussa)

Landa Bygdalag

Midt i byggefelta på Landa finn du ein levande møteplass for både små og store, med aktivitetar året rundt. Me inviterer deg til å ta turen innom og bli kjent med området vårt, som er ope for alle! Her finn du ein stor asfaltert bane, perfekt for tennis, basketball, sykling, fotball – og eigentleg alt du har lyst til å finne på! Om vinteren blir bana gjort om til isbane når gradestokken tillet det. Like ved bana ligg ein leileplass der dei minste kan boltre seg, og for dei som vil nyte gode stunder ute, har me både grillhytte, bålpanner og benkar. I tillegg er me no i gang med å bygge ein stor gapahuk som skal gi ly og samlingsplass for mange framtidige aktivitetar og arrangement, samt ein frisbeegolfbane.

Kom, lek, tren, slapp av – og bli kjent med det kjekke området me har her på Landa!

  • Skeisebane
  • Leikeplass
  • Gapahauk
  • Grillhytte

Optimisten

Optimisten er eit frivillig lag for Halsnøy og Fjelbergøyane der medlemmene kjem frå dette området. Me jobber for å auke livskvaliteten for eldre og uføre på Halsnøytunet.

Aktivitatar pr. april 2025 er:

Song&bevegelse, turvenn, Julefest og levering av blomar til fødselsdagar for dei som bur på «heimen».

Aktivitetar open for alle i kantina på Halsnøytunet:

  • Syng med oss
  • Karaklubben
  • Støttegruppa og basar

Perlene

Perlene øver onsdagar i Halsnøy kulturhus. Alder frå 7 år og oppover. Me syng, dansar, jobbar prosjekt med musikalar eks Hakkebakkeskogen og Skatten på Sjørøverøya. Julekonsertar, deltek på ulike arr og syng på tilstellingar me får tilbod om. Sosial og kjekk samling av aldersblanda ungar frå ulike bygder i kommunen. Like viktig som musikken er det å vere saman sosial med kvarandre 😊
Kontakt: Maria Hansen, tlf 90023982

  • Syng & Dans
  • Arrangemanger
  • Musikaler

Perlo Kajakklubb

Perlo Kajakklubb er en kajakklubb som er lokalisert på Halsnøy.
Vi ønsker å fremme padleglede i distriktet, både for store og små.
Vi arrangerer kurs i havkajakk, både for nybegynnere og vidrekommende som ønsker å spisse sine padleferdigheter.
Vi arrangerer også turer i regionen som passer alle padlere uansett nivå

  • Kurs
  • Felles turer
  • Alle velkommen

Stripebandet

Strupebandet er et kor med opphav på Halsnøy, men reknast idag pga songarane i koret som eit Kvinnherad-kor.
Me øver kvar torsdagskveld i Halsnøy Kulturhus. Antall songera ligg stabilt på ca 40 ti menn og kvinner i alle aldersgrupper.
Det som særmerker Strupebandet er at koret har mange dyktige solistar og et forholdsvis stort orkester.
Musikksjanger må også nevnes, i repertoaret vårt finst alt frå heftig beat/rockemusikk te dei vakraste klassiske perlene.
Sidan 2010 har Kari Tarberg vore dirigent og musikalsk leiar, og det er blitt tradisjon at koret i løpet av et år har som mål å framføre ein temakonsert i mai/juni og ein i november/desember.
Og godt utskjemte er me, publikum i Kvinnherad er flinke te å komme på konsert anten da e i Halsnøy Kulturhus eller på anna plass me har satt opp konsert i kommunen.

Er du glad i syngja og liker alt frå Queen/Coldplay og Abba te utdrag frå dei flotteste musicallåtene, eller for den del Edvard Grieg eller Halfdan Sivertsen , så er dette koret for deg. Og for ikkje å gløyme det aller viktigaste ~ du får masse sosial kontakt både med kormedlemmer og med publikum når du syng i kor, og det er viktig i desse dagar.

  • Musikal
  • Kor
  • For heile Kvinnherad

Toftåsen / Storemyr

Turstiar Toftåsen Storemyr vart stifta i mars 2020. Laget har som formål å rydda, opparbeide og vedlikehalda turstiar og aktivitetsområder rundt Toftåsen/Storemyr.
Laget er registrert i Enhet- og Frivillighetsregisteret.
På Toftåsen har vi etablert Åsatinget med gapahuk, klatre og leikepark for born samt dagsturhytta Åsakoia.
Rundt Toftåsen og Storemyr har vi opparbeid eit nett av turstiar. På Storemyr har vi satt opp eit torvhus som rastebu og minnesmerke over sjølvbergingstida då torv vart brukt som brensle. Du finn infotavler med kart over stiane på Stedle og Heiastølen.
  • Vedlikehald av områder
  • Gapahauk & Leikeplass
  • Stiar
0
Foreningar
0
Frivillige
0
År
0
Sponsorer

Kontakt oss