Me løftar lokalsamfunnet vårt
Ein liten øy med stort potensial – saman gjer me Halsnøy endå betre for alle som bur her og kjem hit.
Inger-Helene
StyrelederM
Me i Halsnøy Utvikling jobbar for å skapa fleire møteplassar, betre friluftstilbod og ein endå sterkare følelse av fellesskap. Enten du er fastbuande, hyttefolk eller besøkande – alle skal føla seg heime her.
Øya vår har alt: den nydelege fjorden, fine svaberg, grøne bakkar og toppar med nydelig utsikt. Me vil ta vare på dette og gjera det tilgjengeleg for fleire.
Saman med frivillige lag, næringsliv og kommunen legg me til rette for aktivitetar, festivalar og vekst – utan å mista den trygge, gode stemninga der alle kjenner alle.
Saman tek me vare på Halsnøy
Me elskar naturen vår og vil at framtidige generasjonar skal få oppleva den same flotte øya. Gjennom dugnadsprosjekter som rydding av stiar, bygging av benkar og informasjonskart bidreg me til at natur og infrastruktur held seg fin for alle.
Fleire turstiar og sykkelvegar
Lokale oppryddingsdugnadar
Samarbeid om berekraftig utvikling
Kvar time og kvar krone tel – invester i ein lysare framtid for Halsnøy
Enten du vil vera frivillig, gi ein gave, eller berre koma med innspel – ditt bidrag gjer øya vår endå betre.
Bli med og gjer ein forskjell på Halsnøy
Me er ei påliteleg kraft for lokalsamfunnet
Halsnøy Utvikling er drive av engasjerte folk som vil det beste for øya vår. Me samarbeider tett med lag, foreiningar, næringsliv og kommune for å få ting til å skje.
Sidan starten har me bidratt til betre friluftsliv, fleire arrangement og ein sterkare følelse av tilhøyrsle. Du kan stola på at pengane og tida di går til noko som kjem alle til gode.
