Halsnøy skule har fått eit nytt og etterlengta tilbod til elevane – ei splitter ny sykkelløype som allereie har blitt møtt med stor begeistring. Bak prosjektet står Halsnøy Utvikling i samarbeid med FAU ved Halsnøy skule, som saman har jobba for å leggja til rette for meir aktivitet og leik i skuletida og på fritida.
Den nye sykkelløypa ligg i tilknyting til skuleområdet og er tilpassa barn i ulike aldrar. Løypa byr på variert terreng med små hump, svingar og utfordringar som gir både meistringskjensle og utvikling av sykkelferdigheiter.
– Me ønskte å skapa ein samlingsplass der elevane kan vera aktive og ha det kjekt saman, seier Liv Kari Sjøvangen og Silje Sæbl Bekkenes frå FAU. – Det er kjekt å sjå kor mykje løypa allereie blir brukt.
Prosjektet er eit resultat av godt lokalt samarbeid og dugnadsånd. Halsnøy Utvikling har vore sentrale i planlegging og gjennomføring, medan foreldre og frivillige har lagt ned mange timar med arbeid for å få løypa ferdig.
– Dette viser kva me kan få til når me samarbeider, seier Silvia Tofte frå Halsnøy Utvikling. – Sykkelløypa er eit tiltak som kjem heile lokalsamfunnet til gode.
Skulen er også svært nøgd med det nye tilbodet. Løypa blir brukt både i skuletida og i friminutt, og gir elevane ein ny og spennande måte å halda seg i aktivitet på.
Den nye sykkelløypa er open for alle, og det er håp om at ho også vil bli ein møteplass for barn og unge i nærmiljøet i åra som kjem.
Nedenfor kan du sjå bilder frå dagen:










